New political column

Exciting news – from today and onwards I’ll be writing a column for Norwegian website PolitiskeNyheter every week. It will be about all things political in Asia, first and foremost Hong Kong & China. My first article was published today and it’s about the chief executive race in Hong Kong, which has taken a wild turn the last few weeks.

This is where I unfortunately leave my English readers in the dark and let the Norwegians read my piece (sorry! Maybe I’ll translate a few of my columns into English as well, if I have time)

HONG KONG SKAPAR HOVUDBRY FOR KINA

Favorittkandidaten til å bli leiar i Hong Kong vart tatt for utruskap, bygging av ulovleg luksuskjellar og skulda begge gongar på kona. No må det ryddast opp.

– Ein telefonbeskjed frå Beijing vil avgjere “valet”, meiner Kina-ekspert.

Også publisert på www.politiskenyheter.no

HONG KONG: Kva skjer når ein politikar blir tatt for å bygge eit ulovleg undergrunnspalass i ein by der dei fleste må nøye seg med ettromsleiligheiter? Det blir bråk. Valkampen i den tidligare britiske kolonien har nådd nye høgder den siste veka. No har Hong Kong også fått sin stabburskandale – men her handlar det om japanske bad, vinkjellar og svømmebasseng.

25. mars blir det avgjort kven som skal styre den vesle, men viktige, øya dei neste fem åra. Fram til førre veke såg det avgjort ut: Henry Tang, son av ein av Asias rikaste menn, tidlegare administrasjonssjef i Hong Kong og med sterke band til kinesiske leiarar, skulle gå sigeren i møte. Det er forventa at ein pro-Beijing-kandidat vil vinne med eit valskred, men kandidatane har gjort det så vanskeleg dei kunne.

Bør trekkje seg
Beijings favorittkandidat har trakka grundig i baret; han har påspandert seg ein litt for luksuriøs kjellar, to gongar blitt skulda for utruskap i avisene og seinast denne veka blei kjærleikssbreva offentleggjort. Men det som verkeleg har satt sinna i kok, er at Tang har lagt skulda på kona si, som hyppig har møtt opp på pressekonferansar og felt angrande tårer.

– Kona mi foreslo å byggje denne kjellaren. Eg veit at den har ein ulovleg struktur, men den vart bygd då vi var på eit lågpunkt i ekteskapet vårt og hadde kommunikasjonsproblem. Eg er lei meg for det, forklarte Tang.

Den største engelskspråklege avisa i Hong Kong, South China Morning Post, skriv på leiarplass at det ikkje er noko anna å gjere enn å trekkje seg. I ei spørreundersøking utført av The University of Hong Kong svarte over halvparten av dei spurde at dei var einige i det. 80 prosent tvilte på integriteten til kandidaten.

«Beijing vil sjå eit reint løp med to hestar, som ikkje skadar samlinga av pro-Beijing-krefter i Hong Kong. Men det ser ut til å vere ønsketenking på dette tidspunktet», skriv South China Morning Post.

– 1000 medlemer er pro-Beijing

– Ein enkel telefonbeskjed frå Beijing med instruksjonar vil avgjere «valet». Valet er viktig fordi Beijing må ha ein leiar som dei kan stole på – og som kan styre Hong Kong, seier Dr. Willy Wo-Lap Lam til Politiske Nyheter.

Lam er professor i kinesiske studier ved Akita International University i Japan og The Chinese University of Hong Kong, og har jobba for South China Morning Post, Asiaweek og CNN.

Han trur valet ikkje blir avgjort i Hong Kong, men tusenvis av mil unna.

Ein valkomité, sett saman av 1200 mektige businessfolk, medlemer av departementa og lokale organisasjonar, får velgje den nye leiaren. Ein kandidat må ha støtte frå minst 150 medlemer for å kunne nominerast. Tang skal framleis ha støtte frå dei største eigedoms- og businessmagnatane i byen, og leverte inn sin endelege nominasjon til valet denne veka, støtta av 379 medlemer, det desidert meste så langt. Dr. Lam hevdar at Beijing har direkte påverknad på nærare 1000 medlemer i valkomitèen.

(Artikkelen held fram under biletet)

PÅ JAKT: Fotografar brukar kraner for å få eit bilete av det ulovlege undergrunnspalasset til Henry Tang, som stiller til leiarval i Hong Kong. (Foto: Asia Vox)

Støtta av ein tredjedel

– Beijing vurderer å dumpe Tang, men magnatane lobbyerer fortsatt for å få Beijing til å halde på Tang, fordi han er ein av dei, seier han.

Han trur ei endeleg avgjerd om kva kandidat Beijing omfamnar vil bli tatt i løpet av neste veke, ettersom nominasjonsprosessen endar den 29. februar.

– Det kjem an på om Beijing trur Tang fortsatt kan styre Hong Kong. Dei fleste uavhengige ekspertar, som meg sjølv, trur at Tang har tapt. Han kan ikkje få tilbake tilliten frå Hong Kong og er difor politisk død, seier Lam.

Dr. Chor-yung Cheung, professor ved The City University of Hong Kong og medlem av valkomitèen, meiner ein framleis ikkje kan utelukke Tang som valvinnar.

– På grunn av få kandidatar og at han har klart å skaffe nesten ein tredjedel av nominasjonane frå valkomitèen, med støtte frå dei store magnatane, så kan vi ikkje utelukke han, seier Cheung til Politiske Nyheter.

Men også han trur Beijing vil gripe inn.

– Folk flest i Hong Kong kan sjølvsagt ikkje leve med eit slikt resultat. Dersom Beijing skulle velgje å ikkje gjere noko, så vil valet av Tang splitte Hong Kong og han vil møte mange protestar og utfordringar, seier Cheung.

Må svare om kommunistpartiet

Dersom det skulle gå som Lam trur, er det anten C Y Leung, som har noko støtte i Beijing, men er lite likt av magnatane, eller Jasper Tsang, som mange hevdar er medlem av Kinas kommunistparti, som no er dei sterkaste kandidatene for leiarvervet.

– Sidan Tang blei ramma av mange skandalar førre veke, blei Tsang spurt av Beijing om å stille for å fylle hans posisjon. Det er mogleg at dersom Beijing har bestemt seg for å dumpe Tang, så kan dei be magnatane om å velgje mellom Leung og Tsang, trur Lam.

Det er Leung som no leiar i opinionsmålingar, men det er enno ikkje klart kor mange nominasjonar han har. Professor Cheung trur Jasper Tsang kan ha ein god sjanse, dersom han blir bedt om å stille.

–Men dette kjem sjølvsagt an på om han er medlem av kommunistpartiet, sidan folk flest i Hong Kong ikkje stolar på kommunistpartiet i dag, seier han.

Tsang har uttalt at dersom han stiller til val, skal han svare på spørsmålet om sine band til kommunistpartiet. Det er fleire frå det demokratiske partiet i Hong Kong som stiller, men få trur dei har ein reell sjanse til å vinne. Den sterkaste er Albert Ho, som har sikra seg 184 nominasjonar.

Ettersom Kina sjølv skal gjere eit kritisk maktskifte i løpet av året, er Tang-skandalen svært uønska i byen som har plaga Kina med krav om fullt demokrati sidan overtakinga frå britane i 1997.

– Kor viktig er dette valet for styresmaktene i Beijing?

–Veldig viktig, fordi Hong Kong spelar ei strategisk rolle i Beijings økonomiske utvikling og deira politikk for eit samla Kina. Å velgje feil person til å leie Hong Kong vil vere katastrofalt. I tillegg vil leiarvalet i 2017 mest sannsynleg vere eit direkte val, og den som blir leiar no vil vere ei viktig brikke i å få det på plass på ein måte som Beijing aksepterar, seier professor Cheung.

Copyright: Maren Kvamme Hagen 2012.

Toppfoto: Av randomwire

Leiarval i Hong Kong
Blir halde den 25. mars.
Nominasjonsprosess frå 14. til 29. februar. Ein kandidat må ha støtte frå minst 150 medlemer av valkomitèen på 1200 for å kunne stille til val.
Valkomitèen er sett saman av mektige businessmenn, representantar frå National People’s Congress, lokale organisasjonar, departement og andre. Komitèen representerer cirka 0.01 prosent av Hong Kongs befolkning på sju millionar.
Styresmaktene i Beijing har tidligare uttalt at direkte val av leiar i Hong Kong tidligast kan byrje i 2017.
Hong Kong har fleire parti og det er vanleg med koalisjonsstyrer. Leiaren må samarbeide med alle partia.
Kjelde: South China Morning Post, Hong Kong government
Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: